Fugleliv

Før var det tamme påfuglar, høns ender og kalkunar i Nærbøparken. Nå er det ville ender i dammen.

Nærbøparken har ei lang historie som fuglepark med både påfuglar og kalkunar. Sidan fugleinfluensaen hausten 2020, har det ikkje vore mogleg å ha tamfuglar i parken. Påfuglane er borte, og mange sørger over det.

Det blir nå stilt strenge krav til alle som har tamfuglar på grunn av stadig nye utbrot av fugleinfluensa i Norge. Dersom kommunen skulle halde fram med påfuglar i parken, måtte parken byggast om, hatt anna bemanning, sikkerheitstiltak, smittevernplan og andre beredskapsplanar slik som bønder, næringsdrivande og dyreparkar og andre som har tamfuglar må.

Mattilsynet følger med på parken og har sagt at dei vil vurdera ulike pålegg dersom kommunen innfører tamfuglar igjen. Fjørfenæringa vil også vera kritisk om kommunen vurderte å innføra tamfuglar igjen.

Les meir om kvifor det ikkje er påfuglar i parken i orienteringssaka som var oppe i utval for teknisk og næring her.