Bærhagen

Like ved hovudinngangen til parken finn du ein frukt- og bærhage med både kvitrips, rødrips, solbær, aronia, pære og plomme. Her kan du ta med deg familien i sommar og nyta det parken har å by på.

Me kjem ikkje til å legga på nett, så det er ein viss fare for at fuglane i parken også vil forsyna seg av godene. Men viss du har lyst til å vera nettansvarleg for ein busk eller eit tre, er det fritt fram for å legga på nett og å passa litt ekstra på.