Juleparken

Er du klar for å oppleva magisk julestemning på Jæren? Då må du ikkje gå glipp av Juleparken på Nærbø.

Tidspunkt: 

  • 29. november frå klokka 15.00 til 18.00.
  • 30. november frå klokka 14.00 til 18.00.

Ta med:

Ta gjerne på nisselue! Kle deg etter veret, ta med sitteunderlag og lommelykt.

Dette kan du oppleva i juleparken:

Juleparken byr på mykje god mat og drikke. Her finn du både julegåver og kan kosa deg rundt bålet med familie og venna eller besøka den store påfuglen Randulf.  

Gå, eller ta toget

Me oppfordrar alle som bur på Nærbø om å gå eller sykla til Juleparken.

Dersom du ikkje bur på Nærbø, oppfordrar me deg til å ta toget til Nærbø stasjon. Me har få parkeringsplassar, og det er gildt for ungane å ta tog. Miljøvennleg er det også.

Kolumbus har gode rabattar på togbillettar på kveldstid etter 17.00 og i helgene. Når du kjøpar ein vaksenbillett, kan du ta med deg ein ekstra vaksen og inntil tre barn gratis. Nærbøparken ligg like ved Nærbø stasjon. Det er 650 meter å gå.

Parkering

Parkeringsplassen til Nærbøparken blir brukt av utstillarar og arrangørarar under arrangementet. Du kan heller ikkje parkera i gatene rundt parken på grunn av trafikksikkerheit og tilkomst for nødetatar.

Parkeringsplassar:

  • HC-parkering: Parkeringsplassen til Nærbøparken
  • Motland skule: Plass til 40 bilar/250 meter å gå
  • Urhei barnehage: Plass til 15 bilar: 500 meter å gå
  • Nærbø stasjon: Plass til 90 bilar/650 meter å gå
  • Motlandsmarka barnehage: Plass til 40 bilar/750 meter å gå
  • Rosktoppen barnehage: Plass til 30 bilar/800 meter å gå
  • Bø skule: Plass til 185 bilar/1 kilometer å gå
  • Bjorhaug barnehage: Plass til 25 bilar/1 kilometer å gå

Kart over parkeringsplassar og vegbeskrivelse frå toget:

Toalett

Det er toalettvogn i parken under arrangementet. 

Takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre!

Juleparken blir arrangert av Hå kommune saman med frivillige og næringsliv. Fjoråret var ein knallsuksess med 10.000 besøkande.