Juleparken

Er du klar for å oppleva magisk julestemning på Jæren? Då må du ikkje gå glipp av Juleparken på Nærbø, som i år blir utvida til to dagar!

Tidspunkt: 

  • 1. desember frå klokka 17.00 til 20.00: Lystenning, julekonsert, refleksløype og salg av mat, drikke og julegåver. 
  • 2. desember frå klokka 13.00 til 17.00: Juleførestilling, aktivitetar og salg av mat, drikke og julegåver. 

Ta med:

Ta gjerne på nisselue! Kle deg etter veret, ta med sitteunderlag og lommelykt.

Dette kan du oppleva i juleparken:

Juleparken byr på mykje god mat og drikke, som julebakst, gløgg, kaffi, kakao, vårruller, lappar, vaflar, lefser, sukkerspinn, pinnevaflar, julefarse og grillmat. Her finn du både julegåver, julenek og julekrybbe. Du kan kosa deg rundt bålet med familie og vennar, sjå utstillinga "En himmel full av stjerner" eller besøka den store påfuglen Randulf.  

Aktivitetar: 

  • Fredag blir det refleksløype i mørket, så hugs lommelykt. 
  • Laurdag blir det juleverkstad og andre aktivitetar som ansiktsmaling, diverse leiker, parkbingo og friluftscamp. 

Sceneprogram:

Fredag 1. desember:

  • 17:00: Opning av juleparken med lystenning, dans og julemusikk
  • 18.30-20.00: Julekonsert med lokale artistar 

Laurdag 2. desember:

  • 13:00: Julefugledans med påfuglen Randulf
  • 13:30: Juleførestillinga Julekort
  • 14:30: Julefugledans med påfuglen Randulf
  • 15:00: Juleførestillinga Julekort
  • 15:30: Julefugledans med påfuglen Randulf
  • 16:00: Juleførestillinga Julekort
  • 16:30: Julesongar frå scenen


POP-UP: Det blir også små pop-up-konsertar rundt i parken frå korps og kor.

Gå, eller ta toget

Me oppfordrar alle som bur på Nærbø om å gå eller sykla til Juleparken.

Dersom du ikkje bur på Nærbø, oppfordrar me deg til å ta toget til Nærbø stasjon. Me har få parkeringsplassar, og det er gildt for ungane å ta tog. Miljøvennleg er det også.

Kolumbus har gode rabattar på togbillettar på kveldstid etter 17.00 og i helgene. Når du kjøpar ein vaksenbillett, kan du ta med deg ein ekstra vaksen og inntil tre barn gratis. Nærbøparken ligg like ved Nærbø stasjon. Det er 650 meter å gå.

Parkering

Parkeringsplassen til Nærbøparken blir brukt av utstillarar og arrangørarar under arrangementet. Du kan heller ikkje parkera i gatene rundt parken på grunn av trafikksikkerheit og tilkomst for nødetatar.

Parkeringsplassar:

  • HC-parkering: Parkeringsplassen til Nærbøparken
  • Motland skule: Plass til 40 bilar/250 meter å gå
  • Urhei barnehage: Plass til 15 bilar: 500 meter å gå
  • Nærbø stasjon: Plass til 90 bilar/650 meter å gå
  • Motlandsmarka barnehage: Plass til 40 bilar/750 meter å gå
  • Rosktoppen barnehage: Plass til 30 bilar/800 meter å gå
  • Bø skule: Plass til 185 bilar/1 kilometer å gå
  • Bjorhaug barnehage: Plass til 25 bilar/1 kilometer å gå

Kart over parkeringsplassar og vegbeskrivelse frå toget:

Toalett

Det er toalettvogn i parken under arrangementet. 

Plankart

Takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre!

Sparebanken Vest Gavefond (hovudstøttespelar), Risa AS, Meieritomten Bolig AS, Depro, Årdal Maskinering, Jærentreprenør, Waldeland og Varhaug, Sirevåg Mekaniske, Elektrofag Jæren, Thailand by Nichcha, Monter, Byggmester Lervik, Nærbø Bakeri & Konditori,  Jærlyd, Tryggheim vgs (Bygg- og anleggsteknikk og Elektro og datateknologi), Vigrestad storskule avdeling Stokkalandsmarka, Go Ahead, Hove West og Nærbø Rør og Elektro (NRE).

Juleparken blir arrangert av Hå kommune saman med frivillige og næringsliv. Fjoråret var ein knallsuksess med 6000 besøkande.