Stort familiearrangement

Laurdag 3. desember forvandlar Nærbøparken seg til ein magisk julepark med vinterlys, julefuglar, nissar og koselege julekioskar.

Velkommen til eit unikt og gratis familiearrangement laurdag 3.desember frå 12.00-18.00. Me inviterer til juleshow med Hå kulturskule, kjekke aktivitetar og sal av mat og drikke. 

NB! 
Nærbøparken vil vera stengt for publikum fram til opninga av familiearrangementet klokka 12:00. Dette er på grunn av rigging og øving.

Ta gjerne på nisselue, kle deg etter veret og ta med sitteunderlag.

Dette kan du oppleva i juleparken:

Aktivitetar:

  • Friluftscamp
  • Tur med hest og kjerre
  • Ansiktsmaling
  • Parkbingo med premie
  • Utstilling av julefuglar
  • Sal av mat, drikke og koselege gåver

Kulturprogram:

  • 1200-1230: Nærbø skulekorps spelar
  • 1230-1300: Julefugledans
  • 1300-1330: Konsertførestillinga «Julekort»
  • 1330-1400: Julefugledans
  • 1400-1430: Nærbø musikkorps spelar
  • 1430-1500: Hå Dur og Moll vandrar rundt og syngr julesongear
  • 1500-1530: Konsertførestillinga «Julekort»
  • 1530-1600: Jæren Kammerkor vandrar rundt og syngar julesongar
  • 1600-1630: Amerikanske julelåtar ved Jofrid Mosland og Ragnvald Wernøe
  • 1630-1700: Julefugledans
  • 1700-1730: Konsertførestillinga «Julekort»
  • 1730-1800:  Allsong med ordføraren, Mari Ask Helleland og fleire.

POP-UP: Små dansenissar frå drillgruppa til Nærbø skulekorps.

Påfugl-maskot som står saman med barn. Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Gå eller ta toget

Me oppfordrar alle som bur på Nærbø om å gå eller sykla til Juleparken.

Dersom du ikkje bur på Nærbø, oppfordrar me deg til å ta toget til Nærbø stasjon. Me har få parkeringsplassar, og det er gildt for ungane å ta tog. Miljøvennleg er det også.

Kolumbus har gode rabattar på togbillettar i helgene. Når du kjøpar ein vaksenbillett, kan du ta med deg ein ekstra vaksen og inntil tre barn gratis. Nærbøparken ligg like ved Nærbø stasjon. Det er 650 meter å gå.

Parkering

Det er går ikkje an å parkera på parkeringsplassen til Nærbøparken under familiearrangementet. Denne parkeringsplassen blir brukt av utstillarar og arrangørarar. Du kan heller ikkje parkera i gatene rundt parken på grunn av trafikksikkerheit og tilkomst for nødetatar.

Toalett

Det er toalettvogn i parken den 3. desember. Toalettet i Huset i parken vil også vera ope begge dagar.

Parkeringsplassar:

  • Motland skule: Plass til 40 bilar/250 meter å gå
  • Urhei barnehage: Plass til 15 bilar: 500 meter å gå
  • Nærbø stasjon: Plass til 90 bilar/650 meter å gå
  • Motlandsmarka barnehage: Plass til 40 bilar/750 meter å gå
  • Rosktoppen barnehage: Plass til 30 bilar/800 meter å gå
  • Bø skule: Plass til 185 bilar/1 kilometer å gå
  • Bjorhaug barnehage: Plass til 25 bilar/1 kilometer å gå

Kart over parkeringsplassar og vegbeskrivelse frå toget: